Jakt og Fiske - Vestlandet
Følgt av 189 medlemmar.
Her kan du legge inn jakt og fiske historiane dine og gjerne legg ut bilder frå turane dine. Det er låg takhøgde, så her er det berre å ta bilder å skrive i veg. Om nokon har gode tips og råd, så skriv gjere ein nyhet på det. Meir om sona Jakt og Fiske - Vestlandet er ei sone på Origo. Les meir Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Sognatreff, bergen360, Fjordaglimt, Hordatunet og Nordhordland no (torsdag 22. januar 2009). Les mer om roperten… Luksus på JølsterEg har bodd mange år på Jølster så eg kan vel kalle meg en nesten Jølstring, og siden eg er mye andre steder en Jølster blir eg stadig påminnet den luksus det er å ha Vatnet som matfat.
Vist 889 gonger. Følgt av 6 personar. Annonse | ||
Kommentarar
Eg har ikkje fiska i vatnet sjølv, men har lese om fiske i Jølstravatnet i fleire blad. Verkar som det er ganske kjent godt ut over fylkesgrensa og..
Kva ligg “snittstørrelsen” på?
Jølstravatnet er nok eit av dei beste fiskevatna i landet, så det er vel verdt å prøve. Snittstørrelsen på garnfisket ligg på ca fire på kiloen. Største fisk på stang: 13.5 kg. Elles vil ein som regel få størst snittvekt ved dorging, vil tru 2,5-3 på kiloen.
For de som vil ha enda litt mer mosjon kan jeg anbefale vassdraget nedover fra vatnet. Her er det mange fine fiskeplasser, og en kan få mye fin ørret i tillegg til turen.
Debuterte som jølstrafiskar i mai i fjor, ei helg på Årdal. Ikkje dei store fiskane, men lett å få fisk frå 200-400 gram.
Og rakfisken de lagar der inne er fantastisk. Fekk fisk frå Ola Dagfinn & Co til jul. Betre blir den ikkje.
Nokon som har vore på rakfiskfestivalen på Fagernes nokon gong? Høyrde den samla nesten 30.000 besøkande i fjor haust.
Er det nokon som har rakaure til sals? Gjerne kombinert med ein dunk heimeøl?
Prøv Finn Årdal
Dt skal eg gjere.
Rekordfisken i Jølstravatnet vart teken med garn av Anders Ripe den 15. oktober 1973. Vekta var 15,5 kg. Han hadde sett garna sine utanfor eigedomen sin ca 1 km frå Skei sentrum. Fisken er på Zoologisk Museum i Bergen, og ein kopi skal vere utstilt på Skogbruksmuseet i Elverum. Det kan nok vere endå større ørret i Jølstravatnet, men han er ikkje lett å få tak i.
Vart det ikkje teke ein stor ein inne i Kjøsnesfjorden for ein del år sidan?
Det stemmer. 13.5 kg på sluk.