Storfisk i Jølstravatnet

Anders Hestad med storfangsten

At det finst stor, verkeleg stor fisk, i Jølstravatnet, er vel kjendt. At det går an å få to av desse ruggane i løpet av eit døgn, er meir uvanleg. Men sist helg skjedde akkurat det. Først ute var Asbjørn Hestad frå Utvik, opphaveleg frå Gaular. Han sto inne i Kjøsnesfjorden laurdag kveld og fiska med sluk i griseveret. Han brukte ei lett haspelstong med ein 7 grams sluk, og hadde fått 11 fiskar då han bestemte seg for å slutte. Men så er det dette siste kastet då, det som alltid må vere med. Det var på det kastet at store ting skjedde. Inne på kanten av marabakken, få meter frå land, hogg det på noko som berre rusa ut. Litt forsiktig bremsing fekk stoppa fisken som viste ryggfinnen over vassflata. “Då skjønte eg at det var alvor” fortel Anders. Etter eit kvarters kamp var fisken manøvrert inn til land. Klepp fanst ikkje og håven var for liten, dermed vart det eit solid grep rundt sporden og fisken var på land.

Seinare veging og måling viste 6.2 kg og 87 cm på denne hannfisken som var ganske blank og fin i skinnet.Han såg nesten ut som ein laks.

Kvelden etter var det 12 år gamle Tom Stian Sunde sin tur. Han hadde sett ei "garnfille tvers over båtstøa til faren, heilt inne ved land. Djupna er vel ein meter, men Tom Stian har fått fisk med denne fiskemetoden mange gonger før, også fisk på opp mot kiloet. Søndag kveld skulle han så dra opp dette garnet sitt, og såg med ein gong at her var det grove saker i maskene. Garnet var heilt tilvasa av ein uhorveleg stor fisk, og det kosta ganske mykje strev å få han laus. Men til slutt var han fri og den stolte fiskaren kunne etter kvart konstatere at vekta var 6 kg og lengda 78 cm. Dette må heilt sikkert vere den største fisken fanga av ein tolvåring i Jølstravatnet.

Tom Stian har to alternativ når det gjeld den framtidige lagnaden til denne fisken. Enten skal han røykast eller så skal han stoppast ut. Tom Stian hallar mest til det siste, for han har veldig lyst til å ha eit varig minne etter denne opplevinga. Det held eg med han i, for det kan bli lenge til neste gong han får slik fangst.

Grove saker — Foto: Hallstein Dvergsdal

Tom Stian Sunde med storruggen — Foto: Hallstein Dvergsdal

Stolt fiskar — Foto: Hallstein Dvergsdal

Vist 1170 gonger. Følgt av 1 person.

Kommentarar

Var det inne ved elveosen han fekk storfisken? Det var der Amundsen fekk sin som vog 12,1, det var vel i 1996, også det på våren. Tydeleg at det er ein del store her inne i Kjøsnesfjorden:-)

Nei det var lenge ute.

Annonse

Nye bilder