Jakt og Fiske - Vestlandet

Følgt av 189 medlemmar.

Her kan du legge inn jakt og fiske historiane dine og gjerne legg ut bilder frå turane dine. Det er låg takhøgde, så her er det berre å ta bilder å skrive i veg. Om nokon har gode tips og råd, så skriv gjere ein nyhet på det. Meir om sona

Origo Jakt og Fiske - Vestlandet er ei sone på Origo. Les meir

Hjortekolle på langtur.

Eg kan vel no med sikkerheit seie at den kolla som er observert i Stongfjorden kjem frå Kaupanger.
Ho vart sist peila først i juni på Kaupanger, og sidan har ho vore vekke.
Det er ingen andre merkjeprosjekt for hjort i Norge som har kvit tape på klaven,så det er nok heilt sikkert "vår "kolle. Ho hadde kalv med seg. So dei har lagt ut på ein skikkeleg langtur.
Dei skal prøve å felle kolla der ute.

Vist 410 gonger. Følgt av 4 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Eg har no fått meir info om den kolla.Ho vart peila i Sogndalsdalen i juli mnd.Det tyder på at kolla kalva i Sogn.
I starten av jakta vart det observert ei merka kolle med kvit tape på nedre Myklebust i Jølster (sørsida av jølstravatnet) Vidare derifrå til Stongfjorden.
Vi vil sjå reiseruta hennar når vi får tak i klaven.
Dette kan bety at ho har hatt ein tur på 15 – 18 mil målt i rett luftlinje.Det er rekord i vårt prosjekt.

Exclamation_desat_24

Dette var skikkeleg inntresant lesna Hallvard….
Flott jobba i merkeprosjektet:)
Ein tanke som streifa meg, enn om kalven hadde vorte radiomerka i Stongfjorden og kolla felt. Hadde det ikkje då vore ekstra spennande og sett kor kalven tok vegen til våren? Kansje hadde rekorden blitt fordobla i og med fødeplassen er i Sogndalsområdet.

Exclamation_desat_24

Jau det hadde nok det.MEN kalven skal og bør skytast først og so skyt ein kolla.Ellers so er det slik at vi skal ikkje radiomerke dyr som er yngre enn 2,5 år.Men ein kan selvfølgeleg bruke øyremerke på yngre hjort,men ikkje klave.

Exclamation_desat_24

Okei, so veit eg det ang. alder for radiomerking. Når det gjeld kalven so måtte ein sjølvsagt bedøvefelle han før kolla blei avliva og så øyremerke den godt.
Dette hadde no vore flott og videre ført adferden i denne spesielle saken.

Exclamation_desat_24

Trur ikkje dei bør plaga kalven med dette.

Det som blir interessant er først når me får resultatet frå MANGE hjortar. Då først får me sjå variasjonenen, og kanskje kva som er “vanleg” eller “normalt”.

Exclamation_desat_24

Og no ser det sanneleg ut som at "Naustdal_Bukk_Gul_071 er komen til Eikjo i Luster….

Exclamation_desat_24

Ja det stemmer det.Akkurat ka namnet på det område han går på no veit ikkje eg ,men han er i Luster.

Exclamation_desat_24

Hei. Naustdal bukk 071 var på Eikjo i april, det var ein feil som skulle rettast
men det lukkast vist ikkje heilt.

Exclamation_desat_24

Interessant!

Men kva veg har han kome?
Og kor var han i sommar?

Exclamation_desat_24

Dessverre, folkens. Kunnige folk stadfestar no at det ikkje er nokon Naustdals- bukk i Luster.

Men det var moro så lenge spenninga varte! Så det er nesten synd å måtta avkrefta det.

Exclamation_desat_24

Fekk i dag melding om at den kolla frå Kaupanger som truleg har vore på langtur til Stongfjorden er peila og sett i Marifjøra (Molde ?) i går torsdag.
Den var som eg har sagt tidlegare sist peila øverst i Sogndalsdalen i starten av juli.Det har vore peila etter denne fleire gongar utan resultat.

Exclamation_desat_24

Lustrabukk 123 på langtur???. Vis ein spora 123 har den eit punkt i Kroken
den 11-10 vidare til Bygdin – Valdresflya til øst for Tretten den 18-10,rettunert
tilbake til Molden den 19-10, det må vera ein feil?.

Exclamation_desat_24

Truleg vis so er det rett det som syner på kartet.Klaven har i hvertfall vore aust for Tretten. Den var tilbake i Molden den 21/11.
Men ellers so ser eg at det er nokre klavar som har vore i Oslo,og det er nok rett og ,men det det er på Universitetet der dei har testa banda.Det burde vore sletta so eg skal ta meg ein prat med dei .

Annonse