Jakt og Fiske - Vestlandet

Følges av 173 medlemmer.

Her kan du legge inn jakt og fiske historiane dine og gjerne legg ut bilder frå turane dine. Det er låg takhøgde, så her er det berre å ta bilder å skrive i veg. Om nokon har gode tips og råd, så skriv gjere ein nyhet på det. Meir om sona

Origo Jakt og Fiske - Vestlandet er en sone på Origo. Les mer

Nytt ettersøksutval skal blåse liv i ettersøksarbeidet

NJFF Sogn og Fjordane sitt nye ettersøksutval har nyleg sendt ut eit brev til ettersøksringane, kommunane og dei lokale jakt- og fiskelaga. Her presenterer dei seg sjølve og håpar dei kan bidra til å løfte ettersøksarbeidet opp på eit høgare nivå.

I september 2009 vart det danna eit ettersøksutval under Norges Jeger- og Fiskerforbund -Sogn og Fjordane.
Utvalet består av fem medlemmar inkl. leiar.

Ettersøksutvalet sine arbeidsoppgåver:

• Arbeide for å heve kvaliteten på ettersøksarbeidet i fylket
• Heve kompetansen på ettersøksekvipasjar
• Halde videregåande kurs innan ettersøk
• Godkjenne ekvipasjar i tråd med skriv frå Direktoratet for Naturforvaltning, april 2008 i utøvelse av jakt,felling og fangst
• Vere til hjelp for ettersøksringar i fylke
• Bidra til nyrekruttering innan ettersøksarbeid
• Hald kontakt med viltforvaltnig i kommunane med tanke på kurs og kompetanse
• Ha ansvar for utdanning av lokale instruktørar,samt fagleg oppdatering av desse

Kurset som utvalet jobbar med, og som skal vere klart til bruk i 2010, er retta direkte mot ettersøk av hjort. Hovudfokus i kurset blir på jegeren.

Utvalet vil og etter behov kunne arrangere temakveldar og stille på møte der det skal diskuterast ettersøksarbeid og bistå med fagkunnskap innan ettersøksarbeid.

Ettersøksutvalget vil sende ut skriv og kurskalendar for kvart år.

Ettersøksutvalet består i dag av fem medlemmar inkl. leiar. Utvalget er geografisk gunstig fordelt på alle dei tre regionane i fylket :

• Sunnfjord:
Rudi Sønnervik, leiar. Førde, 971 03 639
Bente Skrede. Florø, 900 55 987

• Nordfjord:
Lidvind Hage. Utvik, 907 68 077
Birger Hogrenning. Loen, 482 54 045

• Sogn:
Sjur Dale. Sogndal, 482 25 770

Vi håpar på eit godt og konstruktivt sammarbeid i åra framover og håpar alle med engasjement innan fagfeltet ettersøk, kan ha glede av ettersøksutvalet. Vi er glade for tilbakemeldingar og forslag til tiltak for å styrke ettersøksarbeidet i hjortefylke vårt.

Med vennleg helsing
Rudi Sønnervik
-leiar-

Saka er henta frå NJFF – Sogn og Fjordane

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Burde det ikkje vore to frå Sogn? Nokon får ta eit “ettersøk” og finna ein til.

Annonse