Jakt og Fiske - Vestlandet
Følges av 173 medlemmer.
Her kan du legge inn jakt og fiske historiane dine og gjerne legg ut bilder frå turane dine. Det er låg takhøgde, så her er det berre å ta bilder å skrive i veg. Om nokon har gode tips og råd, så skriv gjere ein nyhet på det. Meir om sona Jakt og Fiske - Vestlandet er en sone på Origo. Les mer
GODT NYTT JAKT- OG FISKEÅR!Vertane i Jakt og Fiske-Vestlandet takkar for alle dei flotte diskusjonane og alle dei flotte innlegga i året som har gått. Vi vil med dette ønske alle medlemmane våre eit godt nytt jakt- og fiskeår i 2010. Annonse | |||||||||||
Kommentarar
Kjære alle jakt- og fiskeinteresserte !
Sidan 1970 til 2007 har andelen ungdom mellom 16 og 24 år som fisker ein eller fleire gonger pr. år falle frå 73% til 50%. Andelen i befolkninga som jakter svinger jamt rundt 10 %. Fallet i fiskeinteressen er bekymringsfull. Dei fleste starter med enkel fiskestong.
Dette betyr at det er færre som opplever fiskeglede, det er færre som ser verdien av å bry seg om fiskestell og til slutt vil desse personane utan fiskeopplevingar, ende som våre politikarar.
Det var utfordringane våre i det neste 10-året.
NJFF opplever stor vekst i antal barne- og ungdomsmedlemmer.
No er kvar 5. medlem under 26 år. Desse skal vi ta godt vare på.
Fleire av desse håpefulle ynskjer gode naturopplevingar.
Eg har eit ynskje for 2010.
Sjå deg rundt og finn ein ungdom som
har lyst på ein jakt- eller fisketur, ta vedkommande med.
Alle vi som har vore så heldige å få oppleve gledene ute,
har opplevingar som kommande generasjonar fortener å dele med oss.
Langversjonen av jule- og nyttårshelsinga mi ligg på heimesida :
http://www.bjarnehuseklepp.com
Til slutt vil eg ynskje alle Eit godt og aktivt jakt- og fiskeår !
Mbh
Bjarne Huseklepp
Bra innlegg!
Når det gjeld nedgangen i tal på dei som fiskar har eg ein “hypotese” som eg har lyst til å presentera.
Då eg gjekk i barneskulen og begynte å fiska i den vesle Ese-elvi, var det småaurar (eller "kjøer") av svært beskjeden storleik: Dei minste var ikkje stort lengre enn fingrane. Men dette var likevel frykteleg spennande, tykte eg. Og steikte var dette snadder, faktisk kunne du eta både skinn og bein på dei minste.
Ut på hausten gjekk sjøauren opp, og då kunne eg få tyngre fangst. Men utstyret var nokså enkelt: Ei raunetroe eller bambustroe utan snelle. Søkkje brukte me aldri.
No har eg flytta til Jostedalen. Tidlegare kunne du sjå enkelte fiskarar langs elvi, men etter utbyggingi har fisket vorte mykje dårlegare. Men det er ei anna soge.
Jakt og fiskelaget i Luster har lagt ned mykje arbeid for å hjelpa sjøaurestamma i elvi. Det skal dei ha ros for! Fangst av stamfisk, klekking og utsetjing av yngel. Det er også bygd “fisketrapper” for å få sjøfisken lenger fram i elvi til betre gyteområde.
Men her er det eg rauk opp i ein diskusjon med ein av pådrivarane: Etter at sjøauren går lenger fram er det faktisk 30 cm minstemål for dei som vil ha seg steikefisk! Det betyr i praksis at 99,99% av fisken ein får må setjast ut att, elles er du lovbrytar. Og karen sa at det “me” gjorde var å fiska “konfirmantar” som skulle kom att til elvi som stor sjøaure på fleire kilo.
Denne fiske-filosofien tykkjer er vanvittig! Eg har sjølvsagt forståelse for at “karbon- og neopren-adelen” ;-) ;-) ;-) i fiskelaget ikkje ynskjer at “yngelen” skal bli oppfiska. Men angsten deira er altfor overdriven. Eg meiner eg etter kvart har fått ein viss innsikt i kor mykje småfisk som står i “løkjene” (stader der småbekkane renn ut i hovudelva) Det er nokså mykje, og storparten er også stasjonær elvefisk.
Det er ei stor skam at ein bestefar som tek barnebarnet sitt i handa for at dei saman skal rusla ned til elvi for å fiska eit par “pinnar” – at han skal kriminaliserast!
No trur eg heldigvis at fiskeoppsynet i Luster har bra med “sunt bondevit”, og ingen som eg veit om har vorte bøtelagd for dette enno. Men slik denne sentale personen i LJF sa det, så er “lovens bokstav” klar: Minstemål 30 cm!
Slike reglar trur eg øydelegg mykje for rekrutteringa av nye sportsfiskarar. Det enkle fisket med primitivt utstyr etter småfisk, det er det viktigaste ungane våre får driva med viss me vil at dei skal bli glade i sportsfiske.