Jakt og Fiske - Vestlandet

Følgt av 189 medlemmar.

Her kan du legge inn jakt og fiske historiane dine og gjerne legg ut bilder frå turane dine. Det er låg takhøgde, så her er det berre å ta bilder å skrive i veg. Om nokon har gode tips og råd, så skriv gjere ein nyhet på det. Meir om sona

Origo Jakt og Fiske - Vestlandet er ei sone på Origo. Les meir

Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt, Sognatreff, Nordhordland no, Hordatunet og bergen360 (laurdag 1. oktober 2011). Les mer om roperten…

Hjort i Sogn og Fjordane

Er målet nådd, med å få hjortestammen ned, her hjå oss ser det slik ut, og vel så det.
Det er innteressangt å vite korleis det står til rundt om i fylket, nokon meiner stammen fortsatt er veksande, mens andre trur det er katastrofalt lite hjort.
Er det her på sona meiningar om dette.
Prøver å få til ein debatt om dette tema, på ein ellers stille sone.

Vist 712 gonger. Følgt av 7 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Vrkar som det er forholdsvis bra med dyr i ytre strok. Har ikkje merka nedgang I Askvoll/Atløya der eg held meg.

Exclamation_desat_24

Det ville vere meir enn rart om ikkje det minkar på hjorten etter hard avskyting i mange år og no ein hard vinter på toppen.
Eg har sagt det før, og kan godt repetere: Toppen på hjortebestanden og gullalderen i hjorteskogen hadde vi på slutten av 90-talet. Elles har vi hatt ein nedgang og utflating kvart tiande år sidan slutten av 70-talet, før vi har hatt ein ny stigning. Dette har eg registrert her i Jølster, men veit ikkje om det er slik andre plassar ( desse svingingane kan også lesast ut av offentleg statistikk) No er det ti år sidan forrige “knekk” så at vi no ser mindre dyr, stemmer bra med mønsteret. Men vi må vel vente til litt lenger ut på hausten før vi kan seie noko sikkert om årets sesong. Det vi veit er at den bratte stigninga på avskyting i fylket, flata ut i fjor og at fellingsresultatet hamna berre så vidt over 2009. Dermed er det altså mykje som tyder på at det minkar på hjorten, og eg er ikkje det minste overraska.

Exclamation_desat_24

I Stongfjorden er det markant mindre hjort i år, men dyra har ok vekt.
Såg ein svak nedgang i fjord og i år er det mykje som tydar på at det er mindre med dyr sjølv om det er “godt” med hjort på andre sida av fjellet(Holmedal-Rivedal)

Exclamation_desat_24

Dersom ein ser på fellingsresultat for Sogn oig Fjordane, så har det vel berre gått oppover sidan 70 talet, men eg er ganske sikker på at 2011 sesongen vil vise at ein er komen forbi toppen, og at det blir felt mindre dyr enn forrige år, men dette var vel også ein ønska utvikling, sjølv om ikkje alle var einige i dette

Exclamation_desat_24

Kjørte RV 61 Koparnes – Bryggja sist natt. Ein god del hjort både i og ved vegbana . Det samme gjeld FV.614 Isane – Grov . Mye hjort å se.

Annonse