Jakt og Fiske - Vestlandet
Følgt av 189 medlemmar.
Her kan du legge inn jakt og fiske historiane dine og gjerne legg ut bilder frå turane dine. Det er låg takhøgde, så her er det berre å ta bilder å skrive i veg. Om nokon har gode tips og råd, så skriv gjere ein nyhet på det. Meir om sona Jakt og Fiske - Vestlandet er ei sone på Origo. Les meir Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt, Nordhordland no, Hordatunet, bergen360 og Sognatreff (søndag 6. november 2011). Les mer om roperten… Jegerar, gjer ein innsats.Dei fleste som bevegar seg utanfor bøagarden, ser at det er altfor mykje rev i forhold til naturgrunnlaget.
Vist 231 gonger. Følgt av 3 personar. Annonse | ||
Kommentarar
Vi som er jegere må også gjøre en innsats ved å la være å jakte rype og anna småvilt i områder der det er lite fugl.
Det å la vere å gå på småviltjakt er greit nok, men har svært liten effekt. Det regulerar seg litt sjølv og, det blir som eit tomt fiskevatn, få fiskar der.
Mange stader i landet er det gjort forsøk med å stenge for småviltjakt i periodar, men resultatet er ikkje målbart, men der det er dreve inntensiv revejakt gjennom vinteren, ser ein gode resultat året etter, men sjølvsagt er det andre faktorar som og spelar inn.
Det er ikkje all forsking som støttar det Malvin seier, snarare tvert imot. Innan rypeforskinga dei siste åra har det vel kome fram ei erkjenning av at jakttrykk har ein større effekt enn kva ein tidlegare har anteke. Særleg gjeld det jakt i dårlege år, der ein då haustar av kapitalen (stamfuglen) og ikkje tek ut rentene.
Forsøk har og vist at rypefreding kan ha ein positiv effekt, særleg om ein fredar enkelte område over lengre tid, der desse då vil fungere som “påfyllingsaktør” inn i område der det blir jakta.
Når det gjeld uttak av predatorar, syner forsking frå fleire hald at effekten er mindre enn antatt. Til dømes må ein bestand av rev/mår i eit avgrensa område desimerast med opp mot 80 prosent før ein ser merkbare utslag i betra bestand av f. eks orrfugl og storfugl.
Dei siste tala overraska meg mykje då eg las dei, og eg trur ikkje heilt på dei. Eg trur det handlar om å få tatt ut enkeltindivid av f. eks rev, som har spesialisert seg på visse typar vilt, slik vi ser det i forholdet mellom rådyr og rev. Klarar ein å ta ut dei “rette” revane i eit avgrensa område, vil det kunne gi lokal gevinst i form av meir skogsfugl. Men det er sjølvsagt ei umogleg oppgåve for jegeren.
Det kjem vel litt an på kva forskning ein skal legge til grunn, eg for min del tek rypeforskninga med ei klype salt, i alle høve etter at eg registrerar at forskninga seier det stikk motsatte i dag, enn for berre 10-15 år tilbake, trur og det har litt med kven som er oppdragsgjevar for forskninga.
Det å få teke ut enkeltindivid [spesialistar] er eg heilt einig i, og einaste måten å få dette til på, er å jakte meir inntensivt, for dei er heilt like å sjå til, [spesialistane] og dei andre.
Samd i at ein som regel finn støtte i forskinga uansett kva synspunkt ein har i ei sak, berre ein leitar lenge nok.
Eg er også kritisk til pedagogikken i jegerprøveutdanninga, der det å starte som rypejeger blir predika over ein lav sko. For det første er det lite rype og for det andre er støkkjakt på rype noko av det meir vanskelege du kan bedrive. Ikkje rart mange ferske jegerar ramlar av lasset etter ein sesong.Uansett viser fellingstala frå perioden du nemner at det meste går feil veg for rypa, frå over ein halv million felte fugl på 80-90-talet til skarve 200.000 siste åra. Det undrar meg at DN ikkje våga å ta grep på vegner av rypa når dei la fram forslag til nye jakttidsforskrifter for 2012-2017. Alt ved det same….
Samtidig veks hjortebestanden, predatorane – og innan storviltjakta generelt er det ei forgubbing. Så blir det sagt at storviltjegermiljøa er lukka og det er vanskeleg å få innpass for nye jegerar. Eg er medlem i mange jaktlag fleire stader i landet. Så vidt meg bekjent har vi aldri blitt kontakta av ein fersk jeger som spør om innpass…
Dersom ein går tilbake i tid 40-50 år, så var det bra med både skogsfugl og rype, og det var ikkje uvanleg med 15-20 ryper på ein god søndag. Lammetapa var ca 2% mot 10% i dag.
Samtidig var det svært mange som dreiv med fellefangst i vinterhalvåret. og det vart teke ut ganske mykje, både rev mår og røyskatt, i tillegg var det mange som dreiv med revehijakt om våren, og lokalt tok ut heile årsproduksjonen.
Ikkje veit eg, men eg ser samanhengen, og trur på den.
Dersom det er slik at vi menneska skal påta oss å forvalte denne naturen, som vi alle er avhengige av, trur eg det er lønsamt å sjå seg litt tilbake, kva gamlekarane dreiv med, frå dei var i 12 års alder, og resten av livet, så får heller alle disse verneorganisasjonane bale med sitt, øydeleggande forsett.
Ellers trur eg at vi tilårskomne jegrane, er altfor dårlege til å innvitere dei unge med ut i skog og mark, og at det er med på å forgubbe jegerstanden.