Siloforing, hjorteforvaltning på villspor?Om vinteren samlast store flokkar, og konkurransa for å overleve kan vere svært hard. Kalvar er spesielt utsatt for å stryke med, båe fordi dei er fysisk underlegne eldre individ og fordi dei har eit mindre fettlag å tære på når mattilgangen ellers sviktar. Mange dyr kan dermed dø av svolt og utmagring. Utlegging av fôr kan dempe verknadane av dette, og samtidig skåne den dyrka marka noko. Tiltaket har imidlertid nokon negative konsekvensar og må sjåast på som en kortsiktig løysing. Men kor sunt er det for viltstammene, dersom dei ikkje kan klare seg sjølv ? Tok verdens største breiflabbDe to hobbyfiskerne Kåre Haugland og John Arne Mostraum var utenfor den gamle dampskipskaien på Leknes for å dra garn tirsdag formiddag. – Vi har en liten fiskebåt og har fisket sammen i alle år, sier Haugland til BA.no. Da garnet kom opp fra dypet, så de den største breiflabben som noen gang er målt. På verdensbasis. Les hele historien her Etterlysing !! (Joomla CMS)Nokon “der-ute” – som er litt over middels interessert i sportsfiske – og samstundes meistrar Joomla CMS ?
Send gjerne ein PM – og eg forklarar meir :-)
Fagmøte om gaupe.Dette kjem litt seint, men det får våge seg. Sogn og Fjordane Jeger og Fisk i samarbeid med Fylkesmannen hadde invititert til fagmøte om gaupe på Skei Hotel sist onsdag den 27.jan. Utruleg mykje folk hadde møtt fram, over hundre menneske frå heile fylket, og alle fekk høyre to interessante føredrag. Det første var ved forskar John Odden ved NINA, leiar av gaupeforskningsprosjektet der, og ein som veit mykje om både biologi og forvaltning av den Eurasiske gaupearten. Vi har i dag 92 familiegrupper av gaupe i Norge, og aldri har vi hatt meir av denne arten her til lands, i fylgje Odden. 365 gauper blir i dag overvaka med gps-halsband og gaupa er såleis eit dyr forskarane veit temmeleg mykje om. Stortinget sitt mål om 60 familiegrupper er altså meir enn oppfylt og dermed har vi kvotejakt på gaupe over det meste av landet. Gaupa er mest talrik i dei gode rådyrområda på austlandet der ei hoe klarar seg med eit revir på rundt 350 km2, medan den kan ha 2000-3000 km2 i nordnorge. Sogn og Fjordane har kvotefri gaupejakt, og det som måtte vere av gaupe i dette fylket er såleis fritt vilt frå i morgon og ut mars. Men gaupejakt er ingen enkel sport, og til å fortelje om det, hadde arrangørane fått på plass gaupejeger Eivind Lurås frå Telemark. Han har ti års erfaring som gaupejeger frå store deler av sørnorge i tillegg til Sverige. Gaupejakt på tradisjonelt vis krev mykje folk og god organisering. I tillegg bør ein ha eigna hundar (støver og spisshundar) og det er uhyre viktrig å drive effektiv sporing. Med dei spesielle forholda vi har her i fylket både når det gjeld topografi og få dyr, så meinte Lurås at det beste vil vere å satse på båsfangst. Men han meinte sjølvsagt også at det kunne vere verdt å prøve seg på ei innringing dersom ein har eit heilt ferskt spor. Spørsmålet er i eit slikt tilfelle, om ein har nok folk som på kort varsel kan stille. 10.000 kroner i bot for felling av jervJohan Berge er ilagt bot på 10.000 kroner for felling av ein vaksen hannjerv på Strynefjellet sommaren 2008.
Johan Berge med jerven han skaut i Skjeringsdalsbotnen på Strynefjellet. (Foto: Harald Vartdal) Fagdag om gaupeStatens Naturoppsyn, Fylkesmannen og NJFF -Sogn og Fjordane inviterer til gratis fagdag om gaupe på Skei Hotel, onsdag 27. januar. Ørnedrepte jakthundarMinst 2 jakthundar i Sogn og Fjordane er drepne av ørn i løpet av ei veke rundt jul. I tillegg er ein hund antagleg prøvd teken av ørn, men klart seg. Folk vert oppmoda om å passe særskilt på kjæledyra sine i kuldeperioden. Sjå saka her
Våpna dine kan hamne på lagerDet kan bli strengare reglar for å ha våpen i Norge. Dette provoserer jegrar og samlarar.
JervejaktkursNJFF Møre og Romsdal og NJFF Sør Trøndelag arrangerer jervejaktkurs i Surnadal 16.-17. januar. Kanskje noko for oss i Sogn og Fjordane, med stadig auke i jevedrepne sauer og sjansar for å delta på jervejakt! Det er både praktisk og teoretisk kurs og verdt å få med seg. Jervejegerane Stein Halvorsen og Tor Engum er blant dei som vil lære frå seg på kurset. I tillegg deltar SNO, representanter fra fylkesmennene i begge fylker, kommuner, Mattilsynet med flere. Søndag blir det mulighet for å skyte mot jervefigur på Angråmyra skytebane. Kurset avholdes på kulturhuset i Surnadal lørdag. Mer informasjon vil bli lagt ut etterhvert. Vi ønsker å tilby et billigst mulig kurs for deltakerne. Kurset er delvis finansiert fra Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Sør Trøndelag, Surnadal kommune m.fl. Dagpakker begge dager kr 500,- og dagpakker inkludert overnatting koster kr 1000,- Påmelding skjer til NJFF Sør Trøndelag på e-post innen ONSDAG 6 JANUAR!! 2010 Spørsmål kan rettes til: Eskil Pettersen på telefon 90 84 44 40 eller Roger Hustad på telefon 91 17 78 84 (henta frå intern epost njff sogn og fjordane) GODT NYTT JAKT- OG FISKEÅR!Vertane i Jakt og Fiske-Vestlandet takkar for alle dei flotte diskusjonane og alle dei flotte innlegga i året som har gått. Vi vil med dette ønske alle medlemmane våre eit godt nytt jakt- og fiskeår i 2010. Nytt ettersøksutval skal blåse liv i ettersøksarbeidetNJFF Sogn og Fjordane sitt nye ettersøksutval har nyleg sendt ut eit brev til ettersøksringane, kommunane og dei lokale jakt- og fiskelaga. Her presenterer dei seg sjølve og håpar dei kan bidra til å løfte ettersøksarbeidet opp på eit høgare nivå. I september 2009 vart det danna eit ettersøksutval under Norges Jeger- og Fiskerforbund -Sogn og Fjordane.
Ettersøksutvalet sine arbeidsoppgåver: • Arbeide for å heve kvaliteten på ettersøksarbeidet i fylket
Kurset som utvalet jobbar med, og som skal vere klart til bruk i 2010, er retta direkte mot ettersøk av hjort. Hovudfokus i kurset blir på jegeren. Utvalet vil og etter behov kunne arrangere temakveldar og stille på møte der det skal diskuterast ettersøksarbeid og bistå med fagkunnskap innan ettersøksarbeid. Ettersøksutvalget vil sende ut skriv og kurskalendar for kvart år. Ettersøksutvalet består i dag av fem medlemmar inkl. leiar. Utvalget er geografisk gunstig fordelt på alle dei tre regionane i fylket : • Sunnfjord:
• Nordfjord:
• Sogn:
Vi håpar på eit godt og konstruktivt sammarbeid i åra framover og håpar alle med engasjement innan fagfeltet ettersøk, kan ha glede av ettersøksutvalet. Vi er glade for tilbakemeldingar og forslag til tiltak for å styrke ettersøksarbeidet i hjortefylke vårt. Med vennleg helsing
Ønsker kritikk ... av min uferdige reklamefilmØnsker som overskrifta viser – KRITIKK av min reklamefilm … eg får sikkert kritikk for å skrive bokmål (men pytt)… Filmen vil “ligge ute” til 5. januar 10 – då blir han sletta – for vidare arbeid. Fyr laust !!! (for dei som måtte ha interesse: filmen er laga i Pinnacle Studio Ultimate v.11) Annonse | |||||||||||