Forum: Ope forum

Populære fluer (fiske)

Nokon som veit om (plass å finne) rangering av fiskefluer – mest populære våt og tørrfluer ?
Eg held på å lage system for valg av (fiskefluer)… i vatn på databasen. (mest populære)

faktadatabasen

Samarbeid om hjorten

Eit utvida samarbeid mellom grunneigarane kan vera nøkkelen til å løysa utfordingane med hjorteforvaltninga.

Det kom fram på kommunesamlinga om hjortevilt, som vart halden denne månaden.

Sjå saka her

Husk båndtvangen

1. april er det ingen spøk for hundeeierne. Fra denne datoen og fram til 20. august er det ordinær båndtvang. Sjøl om du synes bikkja di er aldri så disiplinert og snill, synes fugle- eller rådyrmor neppe det samme når Fido har glefsa tomt reiret eller tatt et rådyrkje.

Sjå saka her

Seier nei til tidlegjakt

Storvald vil ikkje starte jakta 1. september av dyrevernomsyn.
Sjå saka her

Innlandsørret eller sjøørret ?

Les meir her: http://sportsfiskeinorge.origo.no/-/bulletin/show/708677_innlandsoerret-eller-sjoeoerret

Jegerar, gjer ein innsats.

Dei fleste som bevegar seg utanfor bøagarden, ser at det er altfor mykje rev i forhold til naturgrunnlaget.
Reven er ein av dei største predatorane i høve til skogsfugl og rype, og kansje er det vi jegerane som er ei medverkande orsak til dette, hjorteslaktavfall blir ofte berre slengt ut i naturen, utan tanke på at dette er eit matdepot for reven, som er unaturleg, og som gjer at dei individa som naturleg ikkje skulle klare seg gjennom vinteren, har gode tider i desse matdepota, når dette tek slutt utpå våren, er det rype og skogsfuglreir som står på menyen, mens mange lurer på kvifor det er lite anna småvilt.
Mi oppfordring går derfor på å plassere alt slakteavfall på ein stad der ein kan jakte, også etter at hjortejakta er slutt, det er minst like spennande som hjortejakt, og det er tillete å bruke kunstig lys, men det skal vere fastmontert.
Bruk vinteren til spennande revejakt.
Jakttid for rev er frå 15 juli til 15 april

Politiet hadde mistanke om tjuvjakt - men hjorten var drepen av hjort

Hjorten vart funnen med det alle trudde var eit skothol i halsen. Men dei dødelege skadane var ikkje resultatet av tjuvjakt, men av ein tøff bukkekamp.
sjå saka her

Fryktar nokon driv tjuvjakt frå bil

Ein kronhjort var måndag funnen med eit skothol i halsen ved Bjørnset i Florø. – Vi fryktar at det er nokon som har gjort dette på moro.
Sjå saka her

Hjort i Sogn og Fjordane

Er målet nådd, med å få hjortestammen ned, her hjå oss ser det slik ut, og vel så det.
Det er innteressangt å vite korleis det står til rundt om i fylket, nokon meiner stammen fortsatt er veksande, mens andre trur det er katastrofalt lite hjort.
Er det her på sona meiningar om dette.
Prøver å få til ein debatt om dette tema, på ein ellers stille sone.

Svarthumlevatnet

Nokon som veit noko om dette vatnet – fiskeforekomster – største fisk etc… Har prøvd å google men finn lite ? Skriv i kommentarfeltet eller send ein PM. Takknemleg for svar.

Vatnet ligg rett vest for Naustdalstunellen (Sunnfjord)

Hjortesopp - løpekule

No har eg fått forklaring på kvifor hjorten grev i bakken on våren og sommaren:

http://eies.wordpress.com/2011/07/02/hjort-og-sopp/

På tide å "jage" måsen ut att til kysten ?

Det ar aldri moro å få fisk med bendelorm i innmaten (magesekken) – måsen har vel ein vesentleg del av skulda her. Fiskarar må og ALDRI åpne fisk og slenge innmaten tilbake i vatn/vassdrag. Då går bendelormen tilbake til måsen (som et avfallet) og så vidare….

Finn ditt fiskevatn HER Faktadatabasen

Annonse